lørdag 20. desember 2008

20. - juleferie


15 timars busstur er slutt, og eg er framme i Ørsta. Ein må ha rimeleg god busskondis for å ta turen frå Kristiansand til Ørsta.

No har eg fått frukost, så då er det tid for å pakke ut - og sjå om eg har fått med meg det eg skal. (Det er alltid spennande.)

Nokre julegåver treng litt finpuss, og det er visst nokre julekort som bør skrivast. (Postverket treng vel ikkje meir enn eit par dagar for å få dei fram,vel...)
Ha ein fin siste-laurdag-før-jul alle saman.
PS:
Eg la inn to slike sideelement for å få nok snø. La dei også nederst på sida så dei ikkje viser så mykje. Snøtipset fann eg hos Frk. Snupp.

2 kommentarer:

  1. Trur forsyne meg at eg passerte deg på Amfi i ettermiddag! Var så opptatt av å kome meg ut med handlevogna og gøyme meg for regnet, at eg ikkje registrerte at det var du før du hadde passert. Såg to av systrene dine, og då la eg ihop to og to... Kor kjekt med juleferie i Ørsta! Vi sjåast sikkert!

    Men du, eg er litt misunnleg på snøfnugga dine... Kvar får ein tak i slikt???? Dette er forøvrig einaste snø eg ynskjer meg i jula, eg har ein mann som brøyter. Så dersom det vert snøfall, vert vi sittande åleine...

    Ha ein flott laurdagskveld!

    SvarSlett
  2. He he, var det du ,ja. Eg var litt oppteken av å kome meg inn frå regnet sjølv. Vi sjåast sikkert seinare. Bygda er ikkje så stor:)

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails