mandag 8. desember 2008

8.

I ettermiddag har eg vore effektiv og blei nesten ferdig med eit lite hus til. Fekk retta opp feilen frå i går, og då gjekk det mykje fortare.

Eg har fått eit par utfordringar i det siste.

Frå Liv kom utfordringa om å fortelle 7 ting om meg sjølv.

1. Eg er storesøster til 9 (og etterkvart svigersøster til 5 og tante til 12).

2. Eg var au-pair i England rett etter gymnaset.

3. Har sidan vore anglofil, og kan drømme meg vekk berre eg ser ein bil med britiske skilt eller hører born som snakkar engelsk. Kan gjerne bruke 6 timar i strekk på å sjå ei eller anna Dickens-filmatisering, for ikkje å snakke om Austen...(sukk)

4. Eg har vevd ein 2,5 meter lang linduk til spisebord. (Den har eg enno ikkje fått brukt) Lærte veving på "husmorskulen" der eg tok teikning/form/farge+vev etter au-pair-året mitt.

5. Eg er ganske rotete - kronisk dårleg til å legge ting på plass med ein gong... Men har som regel system i rotet. Har det fullaste skrivebordet på kontoret, som regel.

6. Eg er kjempeflink til å starte nye prosjekt. Tør ikkje heilt å telle etter kor mange eg har liggande... Dei fleste blir ferdig ein eller annan gong.

7. Eg spelte cello før. Håpar eg kan kjøpe meg eit instrument ein gong.

Mandagens favorittar frå flickr. Bruk linken til å få vite meir om bilda.

Lise ville vite 5 ting eg ikkje ønsker meg til jul. Det vart litt vanskeleg å komme på noko, gitt. Men her har vi eit forsøk.ikkeønskertiljul

1. Eg ønsker meg ikkje nips og pynteting.

2. Heller ikkje tallerknar og fat. Har ikkje plass til fleire.

3. Ønsker meg ikkje nissepynt. Heller englar for meg.

4. Eg vil ikkje ha regn til jul. Helst litt snø (i passelege porsjonar).

5. Eg vil ikkje ha sukat i julebrøda. Berre masse rosiner :)

1 kommentar:

  1. Hei :o)

    Tusen hjertelig takk for NYDELIG skjerf!!!!Er så utrolig fornøyd, vakkert var det!Kunne tenkt meg ett av hver i alle regnbuens farger :o)Kommer til å bruke det masse....

    Gøy å lese svarene dine, kjenner meg veldig igjen i det å være veldig god på å begynne nye prosjekter..... og så dabber det av jevnt og trutt kan man si, blir ofte liggende uferdig!Har en "opprensk" i påbegynte strikkeprosjekter for tiden: nå er det bare et par pulsvarmere og et skjerf som er igjen!

    Ønsker deg en fin dag :o)
    Klem Vibeke

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails