fredag 4. desember 2009

4.

Endeleg fredagskveld :)

Tenkte å dele nokre linkar i kveld. Eg sit og strikkar julegåver, men har ingen bilder å vise fram sidan det kanskje skal vere litt hemmeleg – og uansett så rekk eg ikkje å få tatt bilder før dagslyset er vekke.

Det er mange gode tips og idear der ute…

Fine merkelappar til å printe ut finn de her hos 74 Lime Lane.

1aaaspencedeergfairy005b

Motivet på merkelappane har ho forresten funne hos The Graphics Fairy , som har mange gamle bilder til fri bruk.

Hadde eg tid burde eg ha laga meg nokre mjuke juletre. Har stoff nok i alle fall – og dei treng ikkje vere grønne. Her er ei oppskrift frå LucyKate Crafts.

Og er du lei av glanspapirlenker, finn du mønsterpapir (til å printe ut) til lenkene her hos Whip Up.

No må eg attende til strikkepinnane. Ha ei fin helg.

december

1 kommentar:

  1. Lenkene har jeg allerede sett på, for vi skal jo lime lenker i år også. Men de juletrærne, - de var skjønne! Kanskje meg må...?
    God helg til deg også!

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails