lørdag 8. mai 2010

Ein premie

Bloggen the purl bee ligg på den etterkvart lange blogglista mi. Dei har ein butikk i New York som eg nok ikkje har besøkt, men også ein nettbutikk som eg har vore innom.

På bloggen har dei tips til prosjekt og info om garn og stoff.

Kvar månad loddar dei ut premie frå ein av sponsorane sine.

- Og tenk, i starten av april fekk eg ei melding frå dei om at eg var ein av vinnarane i marsutloddinga!

Her i veka kom premien i posten – heilt frå Los Angeles.

DSCF3003

Og kva er så dette?

DSCF3004

Eit fargekart, så klart.

Ein må nok vere litt over gjennomsnittet tekstilgal for å synes dette er noko til premie, kanskje?

Men sjå på alle dei fine fargane.

I stoffsamlinga mi er det mest møntra stoff. Men eg treng nok einsfarga stoff også… det ser eg no…

DSCF3007

Alle fargane har namn også.

DSCF3008 

Å, så kjekt det er å vinne noko :)

-------------

I won something!

I joined the sponsor giveaway at the purl bee in March, and won a colour chart from Kona Cotton.

I have mostly patterned fabrics in my stash, but should include more fabrics in single colours…

I didn’t know they had fabrics in all these yummy colours. I might even hang this colour chart on the wall! too.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails