søndag 10. februar 2013

Bursdagsgåver

I tantebarnflokken rasar det på med bursdagar no i januar/februar. Eg rekk ikkje å strikke til alle, men har gjort ferdig eit par bursdagsgåver denne veka.

Eg har strikka ei tredje Top-down Cable Yoke Jacket. Denne gongen i nesten største storleik…

Starta i str 8 år, men etter prøving på mottakar måtte eg rekke opp og strikke den større… (kva? prøvelapp?? Nei, det gidd vi ikkje…)

Fletta fekk vere som ho var, eg berre plukka opp masker til 10-års str frå den. Eg auka også i sidene for å få litt utsving på jakka. (2 m på kvar side, 6 gongar.)

Hetta var meir enn stor nok i 8-års str, så den strikka eg 5 cm kortare enn i mønsteret.

Eg sette også i ekstra knappar slik at jakka kan latast att heilt ned.

001

003

Minstenevø vart eitt år nettopp og han fekk ein islender.

Mønster frå boka til Susie Haumann.

Eg har strikka i Vamsegarn (Rauma) som er ein del tjukkare enn garnet i mønsteret. Så her måtte det ein del matematikk til…

Strikkefastheit i mønsteret i forhold strikkefastheit i Vamsegarn… gonging, deling, måling… Fann til slutt ut at eg skulle dele maskeantall i mønsteret på 1,31! Og det stemte faktisk ganske så bra til slutt også…

006

008

009

Two projects I've finished this week. Both birthday presents for a niece and a nephew. It's my third Top-down Cable Yoke Jacket. I did some changes to the pattern. Knitted the hood shorter, made increases in the side of the body (2 st, 6 times), and added more buttons.

And the sweater is from Susie Haumann's pattern. I didn't knit it in the yarn in the pattern, so I had to do some math to find out number the of stitches.

6 kommentarer:

  1. Den lilla jakken er bare lekker.Riktig et stasplagg.
    Klem

    SvarSlett
  2. Så nydelige gaver. Den lilla var virkelig favoritt.
    Klem Tone

    SvarSlett
  3. Så flink du er Solveig! Den lilla jakka er heilt nydeleg og kjempefin gensar.

    SvarSlett
  4. Nydelige! Dette er to favoritter hos meg :)

    SvarSlett
  5. Cable yoke jakka er bare så nydelig! Har selv strikket 2 av denne, og det blir nok flere! Lurt å ha knapper helt ned, den er mer anvendelig da. Islender genseren har nettopp blitt en kjenning av meg, og må nok strikkes en gang den også:) Ha en fin dag!

    SvarSlett
  6. This post offers clear idea in favor of the new users of blogging, that actually how to do running
    a blog.
    Feel free to visit my page online payday loans no fax

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails