onsdag 27. juli 2016

In the Yarn Garden part 5

Eg vart ferdig med del fem på det eine prosjektet denne veka. No manglar det berre eit bakstykke så vert det ei pute.


I finished my first part 5 this week. The other one will have to wait. 
This only needs a back piece and then I will have a new pillow.


Yeaterday was my birthday. And we had cake! 


lørdag 23. juli 2016

Part 4

Her er prosjekta mine etter del 4 av In the Yarn Garden CAL.

This is how my projects look after part 4.

lørdag 16. juli 2016

In the Yarn Garden CAL

På instagram er det mykje inspirasjon og hente - og altfor mange mønster på ting ein har lyst til å lage... No er det ferietid og dermed mange nye prosjekt...

Og på Instagram kom eg over eit heklesaman-prosjekt (I mangel på eit betre norsk ord for crochet-along). In the Yarn Garden legg ut nye mønsterdelar litt etterkvart no i juli. Det skal vist bli ei pute til slutt.

Eg sette igong med to versjonar, ein i tynn bomullstråd og ein i vanleg ullgarn. Så får eg prøve ut forskjellige fargar også :)

----------

I follow In the Yarn Garden on Instagram and I joined her CAL now in July. Take a look at the pattern and join in. 
I started two projects using different yarns. One in wool and one in cotton.

Here you can see how it looks so far.

Part 1



 Part 2



Part 3




søndag 10. juli 2016

Harlequin #2

Ferien i år starta med barnedåpen til instenevø Elliot. 
Eit raskt teppe kunne vere ei passande gåve, tenkte eg. Og starta nokre veker før...


Denne gongen fann eg fram det eg hadde av blå og grønne nyansar (pluss litt grått).
Ei rombe /diamant tek ca 12 minutt å hekle fann eg ut ein gong. Og sidan der ikkje er fargeskift kan eg nesten hekle utan å følge med... Må berre telle litt innimellom.


45 heile, 8 halve (delt på langs) og 14 halve (delt på tvers) seinare var det klart for samanpusling. 


Eg brukte samanheklingsmetoden frå første harlekinteppe. Framgangsmåte finn du her.


Fordelte fargane så godt eg kunne, men ser no at det kunne ha vore litt meir grønt nede i venstre hjørne her... 
Kanskje berre eg som legg merke til det...
Godt fornøgd med teppet ellers, og kan gjerne tenke meg å lage fleire i begrensa fargeval.




This years holiday started with the christening of my youngest nephew Elliot.
I needed a present, and decided to make another Harlequin blanket. The diamonds are quite quick to crochet, and few colour changes is also a bonus. (Fewer ends to weave in).
I had  2-3 weeks to do the job, and I made it in time. Just a little border making in the car.
This time I used the yarn I had in blue and green (and some grey). 
The pattern is my own Harlequin blanket.

post signature

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails